Eg veit kva eg snakkar om! Biografisamtale med Liv Signe Navarsete, søndag 6.11. kl 16

Arrangementet er eit samarbeid med Vik bibliotek. Dei skriv: Me startar med eit musikalsk innslag frå kulturskulen.

Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frå Sogn er van med hardt vêr. Før ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fødselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit småbruk.

Men om bagasjen var tung, inneheldt han også verdiar Navarsete visste kor viktig det var å slåst for.

Og slåst, det har ho gjort. I denne biografisamtalen får vi vere med på innsida av store gjennomslag og bitre nederlag. Til venskap og vonde personkampar, til bakrom og hotellrom. Til Statsministerens kontor - og heim til Sogn, dit ho også drog då ho vart langtidssjukemeld med PTSD i 2015.

Historia om toppolitikaren Liv Signe Navarsete kunne ha enda der. I staden kom ho tilbake og gjorde det beste stortingsvalet nokon senterpartipolitikar har gjort. Korleis var det mogeleg?

Møt Jens Kihl i samtale med Liv Signe Navarsete og lokale gjester på Blix hotell denne ettermiddagen. I samarbeid med Vik bibliotek.

Velkomne søndag 6.11. kl 16:00