Edle dråpar på Fedje
Fedje, med sitt unike maritime klima, ligg på om lag same breiddegrad som Skottland. No har ei gruppe kvinnelige gründerar og investorar sett seg som mål å utvikle ein norsk whisky som kan stå på linje med dei mest anerkjende skotske whiskya.
Bli med på eit arrangement der vi deler historia bak satsinga og visjonane som har gjort dette prosjektet unikt. Du vil få høve til å høyre spennande historieforteljingar om destilleriet, og korleis dei har skapt noko heilt eige på Fedje.
I tillegg blir det smaksprøvar av dei edle dråpane. For å fullføre opplevinga, vert det servert god mat som komplementerer smaksprøvene.
Vi ser fram til å dele denne unike opplevinga med deg – ein kveld med god mat, spennande historier og sjølvsagt, smakfulle dråpar i godt selskap. Du får møte:
Therese Østervold Storebø – har mottatt fleire prisar for sitt arbeid innan utvikling av oppskrifter for gin og whisky. Hennar kunnskap, pågangsmot og driv er sentralt i utviklinga av nye smakar, med utgangspunkt i «smakane av Fedje».
Siri Fahlvik Pettersen - no kommunedirektør i Vik, men bur på Fedje når ho ikkje er her i Vik. Der har ho vore med på bedriftsetablering og reiselivsutviklinga i eit fråflyttingstrua lokalsamfunn.
20 års aldersgrense, kr 395,- inkludert lett varmt måltid og smaksprøvar. Billettar i salg i resepsjonen frå fredag 28. februar kl 19:30