Ryddar for livet - Norsk Folkehjelp sitt arbeid med minerydding i Ukraina

VIK BIBLIOTEK v/Mona inviterer til foredrag med Jan Olav Andersen, søndag 2. mars kl 19:00

Jan Olav Andersen frå Vik vart vald til ny styreleiar for Norsk Folkehjelp for snart to år sidan. Andersen har lang fartstid i fagrørsla, som forbundsleiar i El og IT forbundet. Den lange erfaringa er god erfaring å ha med seg i det viktige arbeid for Norsk Folkehjelp.

Norsk Folkehjelp har aktivitet i meir enn 30 land, svært mange av dei i krigssoner som Ukraina, Palestina, Sudan etc.

60 millionar menneske lever i område i dag, der det finst landminer og klasebomber. Stader der borna sin skuleveg i verste fall går gjennom eit minefelt. Der eit steg i feil retning kan vere fatalt. Eit stort fleirtal av offera for eksplosive våpen er sivile. Nær halvparten av dei er barn.

Norsk Folkehjelp har ei aktiv rolle i arbeidet med å beskytte sivile mot eksplosive våpen. Andersen var sjølv ei veke i Ukraina i oktober i fjor haust. Dette gjorde sterke inntrykk på han. Andersen vil fortelje om sine opplevingar i eit land som treng hjelp med å rydde opp etter krig og konflikt.

Velkomen til eit spennande foredrag om Andersen sitt engasjement og rolla hans i Norsk Folkehjelp.

Gratis inngang. Salg av forfriskninger.