NY SESONG MED FREDAGSKAFE

Arne Inge og hans medhjelparar er klare for ny sesong med fredagskafe:
Fredag 13. september: Fyrste tema vert Peter Andreas Blix. Hotellet har fått eit portrett av Blix som vert avduka og då høver det å fortelja om Blix som redda dei to mellomalderkyrkjene i Vik. Arne Inge fortel og Gamlekara vil spela.
Tema dei første gongene blir slik:
Fredag 20. september kjem Anne Karin Fonneland og fortel om den nyss utkomne romanen hennar: "Sognerosa". Romanen er inspirert av bestemor til Anne Karin som var forretningskvinne og budde på Vangsnes.
Fredag 27. september kjem Magne Sørestrand att til Vik. Han har kalla kåseriet "Sannsoger frå bygdelivet i Myrkdalen og Vik, om fjell, støl og idrett".
Fredag 4. oktober kjem Jon Navarsete til Fredagskafeen og vil ta føre seg idretten i Vik og sikkert litt innom nabobygdene. Han har god oversikt over dette temaet og har eit særleg forhold til Vik etter å ha trena herrelaget i si tid.
Foredrag startar kl 11:30.
Musikk vil me prøva å få til kvar gong. Det er og høve til å kjøpa lunsj, eller kaffi og vafler.