Folk Flest og Plumbo! Gamalostfestivalen 2023

Utekonsert i Vik sentrum. Portane opnar kl 20.00, konsertstart ca kl 21.00. Servering til kl 02.00. 18 års aldersgrense.

NB! Kr 550,- pr billett ved kjøp innan 15.05.2023 (Kr 620,- pr billett ved kjøp etter 15.05.2023)

FOLK FLEST spelar country og irsk inspirert musikk som blir framført på dei «rette instrumenta» for denne typen musikk: fele, banjo, mandolin, ståbass, steel-gitar, gitarar, trommer og sjølvsagt fleirstemt song.

Med Sogn si eiga sangstjerne Einar Bolstad i «spissen»  (m.a kjend for Sogn og Fjordane sangen og Julesong- turneane), kan ein garantere både gåsehud, rockefot og høg allsangfaktor!!

Publikum får høyra både kjende og meir ukjende perler frå ulike tidepokar og sjangrar innan country og irsk musikk, ispedd norske perler.  Sangane er henta frå artistar som m.a: The Dubliners, The Waterboys,  Steve Earle, Johnny Cash, Dolly Parton, Staut, Hellbillies, irske trad.låtar, og Avicii!! Bandet  hadde «premiere» våren 2016. Sidan då har bandet  spela for stappfulle kulturhus, på  festivalar og andre arrangement, og fått strålande tilbakemeldingar! 

PLUMBO starta som ein trio og eit coverband for over 20 år sidan. Etter kvart begynte vokalisten å skrive eigne sangar, som resulterte i at både bandet og publikum vart større. I 2011 vant Plumbo spellemannsprisen for låta "Møkkamann", og i 2012 var dei med i MGP med låta "Ola Nordmann". Plumbo har over 230.000 avspelingar pr månad på Spotify. 

Med desse banda kan vi love god stemning og allsangfaktor.