Den populære lokalhistoriske kafeen held fram kvar fredag kl 11:30. Siste gongen denne våren er 12. april 2019. Arne Inge Sæbø, Jens Brekke eller nokon annan kjende held eit kåseri om eit lokalt historisk tema i omlag 20 minutt. Som regel startar kafeen med eit lite musikalsk innslag. Du kan få kjøpt kaffi og vaffel, eller forsyne deg av lunsjbuffeten om du vil til ein rimeleg pris. Dørane opnar kl 11:00. Velkomne skal de vere!
Tema fredag 15. mars:
Arne Inge Sæbø fortelja om Vikøyri og fokusera mykje på dei to store brannane som har vore der, i 1838 og 1922. Strandsitjarstaden Vikøyri har ei spennande soge, og ein vil få høyra om utviklingi fram mot vår tid. Både om bygningar og om folk som har budd på Vikøyri.
Det annonserte kåseriet av Jens Brekke om sogningar og fjordingar vil koma neste fredag, den 22. mars.