Forfattar Sivert N. Nesbø kom ut med sin tredje og kritikarroste roman «Sjøen om vinteren» i fjor haust. Boka er ein roman om den ungdomlege erkjenninga av kor skøyre grensene i livet er, mellom det som er og det som kanskje ikkje lenger kan vere.
I denne framsyninga let Nesbø teksten møte musikken til musikar og lydteknikar Erik Andreas Røkland. Røkland sitt uttrykk er organisk og samansett og byggjer på elektronikk og tangentar, samt gitar.
Velkomen til ein spanande og dynamisk sampel mellom musikk og tekst. Arrangementet er i samarbeid med Vik Folkebibliotek.