Velkommen til Blix Hotell i Vik
Blix Hotell ligg midt i hjarta av Vik sentrum, eit steinkast frå Sognefjorden og omkransa av fantastiske kultur- og naturopplevingar.
Her kan du blande aktive fjord- og fjellopplevingar som du vil, utforske kulturhistoriske perler og lokalprodusert mat. Det er og lov å dingle med beina på brygga og nyte utsikta til breen på andre sida av fjorden.
Hotellet er eit ynda møtepunkt for dei lokale og for tilreisande som vil oppleve eit ekte og produktivt bygdenorge!
Aktivitetar i Vik
Vik er ei lita bygd, men ikkje la deg lure!
Mellom fjord og fjell finst det aktiviteter for heile familien og kulturopplevingar for alle aldersklassar. Mellom anna kan du ta deg ein RIB-tur på fjorden med Vik Adventure
LES MEIR OM aktivitetar i Vik!
Historia om Blix
Innbyggarane i Vik har ei historisk eldsjel å takke for at ikkje mykje av den fantastiske kulturhistoria i bygda har gått tapt.
Takka vere Arkitekt Peder Andreas Blix har me bevart juvelen Hopperstad Stavkyrkje, og vakre Hove Steinkyrkje. Les meir om historia til Blix og hotellet her.
Restaurant
Blix Hotell har eigen à la carte restaurant med ein godt komponert meny. Du er også velkommen innom for lettare servering, eller for å halde eit større selskap.
Drop in frukost fram til kl 12:00 (med unntak av helgane, då er frukosten til kl 10:00.
OPNINGSTIDER frå februar 2025:
Resturanten (a la carte) er open slik: mandag - lørdag frå kl 16 - 20, søndag frå 15 - 19.
PS! Vi serverer raspeballar kvar torsdag, i tillegg til a la carte.
Ved bestillingar eller arrangement er restauranten open også fredager og lørdager.
Ta gjerne kontakt om de har andre ønskjer, til dømes om lunsj, eller om det gjeld gruppebestillingar.
For større grupper ber vi om at de bestiller/reserverer på førehand.
booking@blixhotell.no
Tlf 57 69 65 50 (eller 41 50 51 91)
Møter & Arrangement
Blix Hotell har gode fasiliteter for møter og arrangement. Vår største konferansesal har kapasitet på opp til 100 personer.
Rom & miljø
Blix hotell har 27 flotte rom med eigen balkong, oppussa i januar 2020.