Blix Hotell - eit namn med ei unik historie


Enkelte ganger strekkjer vi mennesker oss litt lengre når vi verkeleg har hjarte for ei bygd og historia arkitekturen kan fortelje.

Den staute karen Peter Andreas Blix (1831-1901) frå Stavern var ein velrenommert ingeniør og arkitekt som tegna fleire kyrkjer i Norge. Blix hadde eit spesielt hjarte for Vik og budde dei siste åra av livet sitt i bygda. Her hadde han i alle år sitt faste «Blix-rom» på Hopstock Hotell

I Vik restaurerte han vakre Hove Steinkirke for eigne midler. Seinare gjorde han det samme med den falleferdige stavkyrkja på Hopperstad. Begge kyrkjene er i dag rekna blant dei største kulturskattane i Vik. Etter eige ønskje blei Blix gravlagt under golvet i Hove Steinkyrkje.

I 1981 ble det sett opp eit minnesmerke over Peter Andreas Blix og minnesmerket står nesten rett utenfor hotelldøra vår. Send gjerne en varm tanke til Blix når du går forbi.

Les meir om Blix på NRK Fylkesleksikon


…men historien om Hopstock går heile 355 år tilbake i tid

I 1659 fekk gjestgivarstaden på Vikøyri skjenkebevilling, og hotellet i Vik kan rekna si historie frå dette året. Den gamle gjestgivarstaden brann ned 16. juni 1838. Jens Roald Valentinsen bygde nytt og selde til svogeren sin Ole Andreas Hopstock i 1847 og fekk etter dette vart namnet Hopstock. Vikjen Mons Thorsen overtok i 1945 og systera Malla stod for drifta fram til 1971.

Anne Marie og Carl Melchior Rieber overtok i 1971. Ved overtaking vart det sett vilkår om at det skulle byggjast nytt hotell innan 5 år. Det nye stod ferdig i 1973.

Hotellet vart drifta som Hopstock hotell fram til mai 2010 då hovudbygningen brann ned.

Annekset med sine 28 rom gjekk ikkje med i brannen og har heile tida tilbydd rom til utleige.

I 2014 tok Røyrvik Eigedom AS og Jorunn Åsfrid Røyrvik over eigedommen med ambisjon om å byggje opp igjen den tradisjonsrike hotelldrifta, men no under namnet Blix hotell. Dørene vart opna den 12.12.2015 etter ei totalrenovering av hovedbygget. Hotellet er no ope heile året.

 Velkommen!